måndag 5. april 2010

Sosial web - Web 2.0

I første leksjon var øvingsoppgåva å melde seg inn i tre ulike nettsamfunn for å teste korleis sosialweb fungerte i praksis. Vi melde oss alle inn i nettsamfunnet "Del og bruk", eit samfunn der medlemmane i hovudsak er pedagogar. Her fann eg mykje nyttig informasjon og mange gode tips til undervisning. Dette samfunnet kan vere med å gi nyutdanna lærarar støtte i starten av si lærargjerning, det kan og vere med på å utvikle kompetansen til lærarar med mange års erfaring i yrket.


I tillegg til "Del og bruk" skulle vi finne to nettsamfunn for utforsking. Det var viktig å ha i tankane kva type nettsamfunn elevane er deltakarar i for å eventuelt kunne nytte delar av fritidskulturen i skulen. Eg melde meg inn i Nettby, men fann fort ut at dette ikkje var noko for meg. Etter å ha vore medlem i 4 minutt byrja meldingane å hagle inn, alle frå menn... Etter å ha lest desse meldingane var det ikkje vanskeleg å skjøne kva type kontakt desse medlemmane var ute etter. For meg vart det tydeleg at dette var ein stad for "sjekking". Eg har vanskar med å sjå kor dette nettsamfunnet kan nyttast i læring. Dersom ein ikkje då nyttar det for å vise elevane kvifor det er så viktig å vere bevisst på kva ein legg ut på nettet!


Eg hadde allereie ein Facebook konto som eg nyttar dagleg. Dette nettsamfunnet nyttar eg i hovudsak som ein sosial arena, der eg snakkar med vener, finn gamle kjende og får meldingar om kva som skjer rundt omkring. Det som er nytt for meg er at eg har nytta den i DKL studiet for å sende meldingar til medstudentar. Her er det lett å få rask respons, då dei aller fleste eg treng å få tak i på kort varsel er innom FB fleire gongar for dag. I tillegg til det opplever eg at der er deltakarar som nyttar FB for å markedsføre produkt dei sel og ofte har laga sjølv. I den samanheng er FB eit godt forum på grunn av den store breidda i deltakargruppa. Sjølv om det er enkelt å laste inn bilete, lydfiler, videosnuttar og liknande, ser ikkje eg på FB som eit godt verkty for publisering. Det blir meir eit verkty i kommunikasjon, og der har vi allereie mange og betre kanalar vi kan nytte. 


Min konklusjon er at sosial web kan vere eit supplement i utviklinga av elevane sin digitale kompetanse, men at vi må skape medvitne elevar og her må vi lærarane styre elevane inn på riktig spor. Det er og heilt klart at lærarane må "sile" og vere merksame på kva nettsamfunn ein kan nytte i pedagogisk arbeid. Alt er ikkje brukbart i den samanheng, jf. Nettby og Deiligst.no. Likevel må det vere noko kjend for elevane dersom det skal ha den effekten vi har ynskje om. Det må vere ein arena dei er vand med å nytte og nyttar ofte. Kanskje krev dette at vi lærarane må bruke tid på å utforske og gi kvarandre gode tips, som på til dømes D&B? 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar