måndag 26. april 2010

IKT og tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring er ein rett alle elevar i norsk skule har i følge opplæringslova:
§ 1-3. Tilpassa opplæring og tidleg innsats
       Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten. (Opplæringslova)
I mitt arbeid med tilpassing for ulike elevar har eg nytta ulike verkty. I nokre samanhengar har eg nytta programmet Voxit Budgit Pro Syntetisk tale som hjelper eleven å få lest opp tekstar. Eg har nytta Daisybøker med god effekt og andre program. Nokre har eg har funne sjølv, nokre har eg fått tips om av kolleger og andre lærarar. Eit kjekt program eg har testa litt er Aschehoug sitt program Glosetyggeren, der elevane kan lage seg gloselister for øving eller eg kan lage liste og dele den via e-post. For mange er dette god trening i ordlæring, i tillegg til at det er meir morosamt enn å sitte og skrive dei om att og om attat :) Eg har arbeidd litt med ulike touch-program, då særskild med elevar som har fått tildelt pc som hjelpemiddel i skulearbeid. Eg har funne nokre program på internett, blant anna dette levert av Sense-Lang.org, som eg har anbefalt elevane mine å nytte i touch-trening heime.

Eg har opplevd IKT som ein positiv ressurs i arbeidet med å tilpasse opplæringa til elevane mine, og eg meiner dette òg har kome godt fram i dei mappeoppgåvene vi har arbeidd med dette semesteret. Det er ei utfordring å tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev, men IKT hjelper oss i allefall eit steg på vegen. Den største utfordringa er nok den å få lærarane til å utforske moglegheitene i dei digitale verktya, men eg ser teikn til at vi er på veg, om ikkje anna ;)

Comic life

I DKL studiet har arbeidet med samansette tekstar vore sentralt i fleire samanhengar. I Læreplan for Kunnskapsløftet er samansette tekstar definert slik:


"... der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater" (UFD 2006)


Vi har nytta både Google dokumenter, blogg, Wiki, Picasa, Windows MovieMaker og Google nettsted. Fleire av desse programma har fungert godt for samskriving og for å produsere tekstar med både lyd og bilete/film, i tillegg til tekstmateriale. Sjølv om der er ein del barnesjukdommar endå, mange av desse viste seg å ha noko tunge løysingar, fekk vi mange gode resultat i utprøvinga av dei. Eit av arbeida er animasjonsfilmen vi laga i WMM. Ta ein titt :) 


I samband med leksjonen om samansette tekstar prøvde eg meg litt fram i Comic Life. Dette verktyet har ein prøveversjon ein kan laste ned gratis, slik får ein teste det ut før ein eventuelt må betale noko. Dette verktyet likte eg særs godt. Eg har sett klassar i arbeid med teikneseriar tidlegare i år, og dette er noko dei likar. Utfordringa er ofte å motivere dei som ikkje er like glad i å teikne. Her kjem Comic Life inn som ein god reiskap. Det er lett å bruke og resultatet blir nærast alltid vellukka. Her kan du sjå den lille teikneserien eg og sonen min laga:


Eg meiner dette er eit godt verkty som hjelp oss å nå fleire av kompetansemåla i læreplanen, til dømes dette som eg har henta frå læreplanen i norsk (etter 4.årssteg). Her står det at arbeidet med samansette tekstar skal lære elevane 
"å lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilder" 
(UFD 2006). 
Det er på tide at den oppfattinga av at alle born likar å teikne blir lagt død. Dette er eit motiverande og effektivt verkty for dei som aldri sit att med eit fint resultat i teiknetimen. I tillegg til at det er motiverande er det òg eit verkty som hjelper elevane å utvikle si digitale kompetanse og det er så enkelt at dei aller fleste vil klare å bruke det.

søndag 25. april 2010

Google nettsted - 3 kontinent på 30 dager

Ei av mappeoppgåvene dette semesteret var for gruppearbeid. Vi fekk halde fram med den gruppa vi hadde forrige semester og var særs nøgd med det. I gruppa vår fyller vi våre roller godt, og med våre ulike kompetanser er vi nokså komplett. Dette viser seg ved at alle ha noko bra å bidra med i gruppa og vi arbeider godt saman. Vi vart og særs nøgd med resultatet denne gong. Framsida til nettstaden vår vart sjåande slik ut:



Dersom du har lyst å ta ein nærare titt på nettstaden vår kan du gå inn her:

Netvibes - informasjonsnav

I samband med leksjonane i delemnet Informasjonskompetanse fekk vi i oppgåve å opprette eit informasjonsnav på nettstaden Netvibes. Det var ei spennande oppdaging for meg at nettstader kunne organiserast slik. I og med at eg sjølv har vore vitne til kor mykje tid elevar brukar på nettsøk, og kor mykje "dårlig" informasjon dei får ut av desse søka, ser eg stor verdi i det å hjelpe elevane med å lage seg eit slik informasjonsnav. Mitt informasjonsnav vart sjåande slik ut:  


Dersom dette ser spanande ut kan du gå inn på Netvibes og lage deg ditt eige informasjonsnav. Lukke til!

måndag 5. april 2010

Digitale tankekart - Freemind/Mindomo

Eg har nytta tankekart som verkty i mange ulike samanhengar, men det er i hovudsak som eit verkty for skriving eller som eit verkty i samband med lesing til eksamen. Det hjelper meg å få oversikt over kva eg bør ha med i ein tekst, eller kva eg bør få med meg i pensumlitteratur. Som lærar nyttar eg tankekart som ein del av prosessorientert skriving, der tankekartet er ein fast del av idemyldringa vi byrjar skriveprosessen med. Det å kunne nytte digitaletankekart er ei god hjelp då vi kan lage kartet saman på skulen, for så å dele det med alle elevane etterpå. Slik er dei klar til den delen av skrivinga som skal gå føre seg heime. Eg laga meg eit tankekart som skulle hjelpe meg å få oversikt over bloggen min. Eg har berre laga eit enkelt kart over kva som skulle vere med, men kunne godt ha nytta det til å få ned stikkord om kva eg ville refleksjonsnotatet mitt skulle handle om. Slik vart tankekartet mitt sjåande ut:




Vi nytta og tankekart i samband med gruppeoppgåva vår, M2. Her nytta vi dette i planleggingsfasen og det var til god hjelp for å få oversikt over dei ulike delane av oppgåva. Her ser du det:



Gruppewiki - drøfting rundt sosial web

Den fyste samlinga dette semesteret fekk vi ei samarbeidsoppgåve. Vi skulle drøfte dei ulike nettsamfunna vi hadde meldt oss inn i, og saman kome fram til ein slags konklusjon. Vi skulle publisere det arbeidet vi hadde gjort i ein gruppewiki. Vi valde å nytte den wiki som Asbjørn hadde oppretta. Vi fekk oppsummert, men det vart ikkje så utfyllande. Resultatet kan du sjå her: http://asbjorn-nesse.wikispaces.com/


Sosial web - Web 2.0

I første leksjon var øvingsoppgåva å melde seg inn i tre ulike nettsamfunn for å teste korleis sosialweb fungerte i praksis. Vi melde oss alle inn i nettsamfunnet "Del og bruk", eit samfunn der medlemmane i hovudsak er pedagogar. Her fann eg mykje nyttig informasjon og mange gode tips til undervisning. Dette samfunnet kan vere med å gi nyutdanna lærarar støtte i starten av si lærargjerning, det kan og vere med på å utvikle kompetansen til lærarar med mange års erfaring i yrket.


I tillegg til "Del og bruk" skulle vi finne to nettsamfunn for utforsking. Det var viktig å ha i tankane kva type nettsamfunn elevane er deltakarar i for å eventuelt kunne nytte delar av fritidskulturen i skulen. Eg melde meg inn i Nettby, men fann fort ut at dette ikkje var noko for meg. Etter å ha vore medlem i 4 minutt byrja meldingane å hagle inn, alle frå menn... Etter å ha lest desse meldingane var det ikkje vanskeleg å skjøne kva type kontakt desse medlemmane var ute etter. For meg vart det tydeleg at dette var ein stad for "sjekking". Eg har vanskar med å sjå kor dette nettsamfunnet kan nyttast i læring. Dersom ein ikkje då nyttar det for å vise elevane kvifor det er så viktig å vere bevisst på kva ein legg ut på nettet!


Eg hadde allereie ein Facebook konto som eg nyttar dagleg. Dette nettsamfunnet nyttar eg i hovudsak som ein sosial arena, der eg snakkar med vener, finn gamle kjende og får meldingar om kva som skjer rundt omkring. Det som er nytt for meg er at eg har nytta den i DKL studiet for å sende meldingar til medstudentar. Her er det lett å få rask respons, då dei aller fleste eg treng å få tak i på kort varsel er innom FB fleire gongar for dag. I tillegg til det opplever eg at der er deltakarar som nyttar FB for å markedsføre produkt dei sel og ofte har laga sjølv. I den samanheng er FB eit godt forum på grunn av den store breidda i deltakargruppa. Sjølv om det er enkelt å laste inn bilete, lydfiler, videosnuttar og liknande, ser ikkje eg på FB som eit godt verkty for publisering. Det blir meir eit verkty i kommunikasjon, og der har vi allereie mange og betre kanalar vi kan nytte. 


Min konklusjon er at sosial web kan vere eit supplement i utviklinga av elevane sin digitale kompetanse, men at vi må skape medvitne elevar og her må vi lærarane styre elevane inn på riktig spor. Det er og heilt klart at lærarane må "sile" og vere merksame på kva nettsamfunn ein kan nytte i pedagogisk arbeid. Alt er ikkje brukbart i den samanheng, jf. Nettby og Deiligst.no. Likevel må det vere noko kjend for elevane dersom det skal ha den effekten vi har ynskje om. Det må vere ein arena dei er vand med å nytte og nyttar ofte. Kanskje krev dette at vi lærarane må bruke tid på å utforske og gi kvarandre gode tips, som på til dømes D&B?