søndag 22. november 2009

Svart/kvitt, eller gråtonar?

I leksjonen som omhandlar hensyn rundt publisering på Internett, blir det sagt at lovene er der for oss og ikkje mot oss. Det er viktig at vi som lærarar veit kva som er lov og ikkje. Det er synd dersom frykta for å bryte med loven hindrar elevane i å nytte IKT i sin skulekvardag. Kort sagt må vi lærarane sette oss inn i kva reglar som gjeld, og om vi er usikre bør vi ha det som ein hugseregel at vi aldri legg ut noko før vi har sjekka dette opp, evt. henta inn dei løyva vi må ha. Ein skulle tru at kva som er greitt å publisere og ikkje, var rimeleg svart/kvitt. Enten er det lov eller så er det ikkje lov. Vel, som alt anna så er det ikkje fullt så enkelt. Vi beveger oss ofte i ei gråsone der "det er lov dersom...". Ein grunnregel som lærar er i allefall å hente inn samtykke frå foreldre med tanke på bruk av bilete på skulen si nettside og liknande. Her er det viktig at du er tydeleg på kva foreldra samtykker til. Der er i følgje Helmers tre krav som må vere oppfylte for at samtykket skal vere gyldig; det skal vere frivillig, uttrykkjeleg og informert (Helmers, 2005). Dette viser at rutinane rundt publisering av bilete vere gode og minnast om jamnt. Arbeidet med øvingsoppgåvene til denne leksjonen var i hovudsak å vurdere kva reglar som ville gjelde for ulike typar bilete. Her er fleire over som må takast omsyn til, som blant anna Åndsverkloven: "Eneretten til et fotografisk bilde varer i fotografens levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår, men likevel minst 50 år fra utløpet av det år bildet ble laget" (Åndsverkloven, 1961 §43a), dersom fotografiet blir sett på som eit fotografisk verk, eit kunstverk, "Opphavsretten varer i opphavsmannens levetid og 70 år etter utløpet av hans dødsår" (Åndsverkloven, 1961 §40). I tillegg til desse kjem lov om personvern og Straffeloven. Det gjeld å halde tunga beint i munnen, men som sagt; gode rutinar hjelper ein langt på veg. I tillegg er det ein gylden regel å tenke seg om to gonger før ein legg ut noko på nettet. Det som ved første tanke kan verke morosamt er ikkje nødvendigvis lurt. Kjelder

Digital lyd - ein ressurs?

I leksjonane om lyd fekk vi oppgåver der vi skulle arbeide med lydredigeringsprogrammet Audacity. Eg har aldri prøvd meg på slikt tidlegare og gjekk på med liv og lyst. I byrjinga var eg redd dette skulle vere alt for avansert for ein nybegynnar som meg, men oppdaga fort kor brukarvenleg det var. Eg leika meg med øvingsoppgåvene og prøvde meg også fram på eiga hand. Eit slikt program vil for svært mange elevar vere eit godt alternativ for læring. Elevar med dysleksi er eit døme. Mange av desse elevane har store problem med t.d. leseleksene fordi dei ikkje skjønar kva dei les. Bokstavar flyt saman og forsvinn, og det er ikkje rart at orda då ikkje gir meining. Eg har erfaring med at desse elevane får lydfiler der leseleksene er lest inn, og nyttar desse som hjelpemiddel i lesetrening. Eg ser også verdien av å kunne nytte eit verkty som Audacity til å lese inn tekst sjølv, for å lytte til den etterpå. Slik er det lettare for dei å høyre skilnaden på til dømes pausar ved komma og punktum. Som lærar må ein sjølvsagt gi elevane opplæring i dette programmet, men som eg nemnte tidlegare er det enkelt å bruke og dermed skulle elevane også kunne meistre dette utan mykje førebuing og instruksjon. John Deweys "Learning by doing" fungerte fint for meg, og den metoden likar elevane også ofte best! Dette er eit veldig bra verkty, også med tanke på læring av nye språk. Ein kan lese inn tekst, spele den av og så arbeide med sin eigen uttale og intonasjon. Dette er interessant fordi svært mange elevar sit åleine med leksene sine, og det er vanskeleg å bli god til dømes i engelskuttale dersom du ikkje får respons på det du seier/leser. Ved å ta opp di eiga stemme kan du korrigere ved å nytte ei lydfil lest inn av læraren. Dersom der er DKLstudentar/lærarar som er interessert i å lytte til noko av det arbeidet eg har gjort, ligg der nokre bearbeidde lydfiler i studentmappa mi i fronter. Enjoy :)

laurdag 14. november 2009

Kan rekneark vere anna enn rein verktyopplæring?

Som lærar i barneskulen underviser eg elevar med mange ulike faglege ståstadar. Det er ofte eit problem å få dei ulike elevane gjennom det pensum som krevjast for å nå dei ulike kompetansemåla. Mange elevar kjem aldri gjennom alt, men det er eit like stort problem å ha aktivitetar nok til å fylle tida for dei sterkaste elevane. Skilnadane er store allereie frå 1.trinn, og sterke elevar blir ofte urolege fordi dei ikkje har noko å gjere på, ikkje har store nok utfordringar. Korleis kan vi differensiere undervisninga for desse? Problemløysingsoppgåver og ulike eksperiment er noko desse elevane ofte finn spennande. Her kan dei sjølve vere med på å bestemme kor vanskeleg oppgåva skal vere, og dei som er komne ekstra langt fagleg kan lage "Grublisar" for resten av klassen. I arbeidet med leksjonen om rekneark var der nokre gode døme på dette. Eg likte godt oppgåva med "Det magiske kvadratet". Eg ville ha knytt denne til matematikkfaget, og ser for meg at den kunne passe godt for mine elevar på 6.trinnet. Kvadratet var ikkje vanskeleg å lage for ein som ikkje er vand med å nytte rekneark, og i tillegg var det ei artig utfordring å løyse oppgåva sjølv. Her kan elevane samarbeide eller arbeide individuelt. Dei som kjenner seg stødige nok, kan prøve ut andre magiske kvadrat. Eit morosamt døme som viser at rekneark ikkje berre kan nyttast i rekneskap. Eg prøvde meg fram i Google dokumenter og her er ein link til det kvadratet eg laga: https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=tnL3X-BVRG1iO7RoGk84b-g

tysdag 10. november 2009

Bearbeidde bilete.

I arbeidet med digitale bilete og redigering av desse, oppdaga eg at ein kan lage mykje flotte bilete av dei som ein i utgangspunktet berre hadde tenkt å slette. Her er nokre eg har eksperimentert litt med:
Vetle lurer bak stolen.
Her har eg skore biletet og endra det frå farge til svart/kvitt. Grunnen til at eg valde begge desse operasjonane, var uroa bilete hadde i utgangspunktet. Der var mange fargar og unødvendige ting med i biletet. Ved å gjere desse endringane syns eg auget hans kom godt fram, og slik vart dette hovudmotivet.
Drøymefangar.
Då yngstesonen min vart fødd fekk han ein drøymefangar i gåve. Dette er eit verkty for å fanga vonde draumar og slik spare borna for desse. Eg trur guten syns den var noko skummel og den har derfor blitt hengande på stova. Den heng saman med fleire andre ting, men då eg klipte til biletet såg eg at den kom tydelegare fram og fekk eit meir dramatisk uttrykk dersom den var avbilda åleine. I tillegg endra eg biletet frå farga til svart/kvitt med glød. Slik fekk eg den dramatiske effekten eg meiner passar til eit slikt objekt.
Ljosfontene.
Eg tok bilete av den lille lysekrona eg har i stova. Den er av enkel sort og nokså lita, men ved å skjere biletet og legge glød på, i tillegg til at eg gav det ein varm svart/kvitt tone, vart det nesten kyrkjeleg stemning over den. Ei av øvingane i emnet om bilete, var ei øving der vi skulle vurdere eit bilete vi hadde funne på nettet. Eg valde å nytte det biletet vi diskuterte på samlinga, då dette var eit bilete som gjorde sterkt inntrykk på meg. Du kan sjå biletet her (bilete nr.9): http://www.boston.com/bigpicture/2009/10/tango.html Vi ser eit par som dansar tango og fotografen er gøymd bak eit sceneteppe. Dei to som dansar veit ikkje at han er der og slik har han fanga augeblinken på ein fantastisk måte. Sceneteppet lagar ei innramming i biletet som rettar blikket vårt direkte mot dei dansande. I tillegg er her tydelege kontrastar i dei glimta vi får av hud mot det dominerande svarte. Teksten biletet har gjer det berre meir gripande. Ta ein titt :)

Korleis framheve hovudmotivet i eit bilete?

Arbeid med digitale bilete er ein del av bygginga av vår digitale kompetanse, og det er verkeleg fantastisk på kor mange måtar ein kan nytte dette verkemiddelet i skulen. Den tida då elevane måtte nytte teikningar i labrapportar, teikningar som ofte trong forklaring, er over. All dokumentasjon kan no underbyggast ved hjelp av bilete og den visuelle biten av eit prosjekt er nesten utan avgrensing. No bør det vere nemnt at utstyret på dei ulike grunnskulane ikkje alltid er heilt "up-to-date", og at vi som lærarar i mange tilfelle slit med at elevane har betre og meir avansert utstyr heime. Likevel er gleda elevane viser ved å få nytte ulike verkemiddel, og her er dei digitale særs populære, noko vi må dra nytte av. I dette innlegget skal eg prøve meg litt fram for korleis å framheve hovudmotivet i eit bilete best mogleg. I mangel på noko betre, og då eg ikkje får borna mine til å stå stille lenge nok, brukar eg igjen kattane mine som motiv. Det første biletet viser Bamse på veg ut på eventyr og i dette biletet er "andletet" hans midtstilt. Han blir her berre ein del av biletet, sjølv om det er han som er hovudmotivet. På det neste biletet syns eg han kom betre fram, sjølv om han (augene hans) her er plassert etter "tredjedelsregelen". Det at han blir plassert til sida og opp mot venstre hjørne gir eit inntrykk av at han er einsam. Der er mykje kvitt og tomt på biletet. Eg trur det er dette som gir meg det inntrykket. Han har då også eit bedande blikk (muleg det er eit sterkt ynskje om mat), som kanskje gjer han endå meir trist... Her er det viktig å påpeike at han et meir enn det som godt er. Eg arbeidde litt med nokre andre bilete eg hadde teke, og skar desse til i Picasa for å prøve plasseringa av hovudmotivet i eit kvadratisk format. Eg hadde nett funne fram den flotte gamle dåpsgåva mi, uglesparebøssa, og tenkte denne kunne vere eit passande motiv no etter at finanskrisa har blese over landet vårt. Ugla kjem rett godt fram midt i biletet, den dekkjer det meste av biletet og treng ikkje konkurrere med noko om merksemda. I det neste biletet er den plassert i høve til "tredjedelsregelen" og kjem ikkje like godt fram. Den blir meir ein del av alt det andre som står i hylla og eg tykkjer bøkene bakom er like mykje blikkfang. Likevel er det ugla som er i fokus og derfor kjem fram som hovudmotivet. Eg oppdaga også at det ikkje alltid er så lett å ta bilete for ei bestemt oppgåve. Ofte kan dei bileta ein har teke tidlegare, kanskje tilfeldig, vere like gode til slikt bruk. Det er også kjekt å sjå korleis ein kan omarbeide desse, og at bilete ein i utgangspunktet ikkje var nøgd med eller tenkte nytte til noko særskild, kan vise meir enn ein trur berre ved hjelp av litt redigering. Arbeidet med dette blogginnlegget viser at det er viktig å ta omsyn til både kvar bileta blir tekne, kva ein tek bilete av og stemninga i biletet, når ein bestemmer seg for plassering av hovudmotivet.