tysdag 10. november 2009

Korleis framheve hovudmotivet i eit bilete?

Arbeid med digitale bilete er ein del av bygginga av vår digitale kompetanse, og det er verkeleg fantastisk på kor mange måtar ein kan nytte dette verkemiddelet i skulen. Den tida då elevane måtte nytte teikningar i labrapportar, teikningar som ofte trong forklaring, er over. All dokumentasjon kan no underbyggast ved hjelp av bilete og den visuelle biten av eit prosjekt er nesten utan avgrensing. No bør det vere nemnt at utstyret på dei ulike grunnskulane ikkje alltid er heilt "up-to-date", og at vi som lærarar i mange tilfelle slit med at elevane har betre og meir avansert utstyr heime. Likevel er gleda elevane viser ved å få nytte ulike verkemiddel, og her er dei digitale særs populære, noko vi må dra nytte av. I dette innlegget skal eg prøve meg litt fram for korleis å framheve hovudmotivet i eit bilete best mogleg. I mangel på noko betre, og då eg ikkje får borna mine til å stå stille lenge nok, brukar eg igjen kattane mine som motiv. Det første biletet viser Bamse på veg ut på eventyr og i dette biletet er "andletet" hans midtstilt. Han blir her berre ein del av biletet, sjølv om det er han som er hovudmotivet. På det neste biletet syns eg han kom betre fram, sjølv om han (augene hans) her er plassert etter "tredjedelsregelen". Det at han blir plassert til sida og opp mot venstre hjørne gir eit inntrykk av at han er einsam. Der er mykje kvitt og tomt på biletet. Eg trur det er dette som gir meg det inntrykket. Han har då også eit bedande blikk (muleg det er eit sterkt ynskje om mat), som kanskje gjer han endå meir trist... Her er det viktig å påpeike at han et meir enn det som godt er. Eg arbeidde litt med nokre andre bilete eg hadde teke, og skar desse til i Picasa for å prøve plasseringa av hovudmotivet i eit kvadratisk format. Eg hadde nett funne fram den flotte gamle dåpsgåva mi, uglesparebøssa, og tenkte denne kunne vere eit passande motiv no etter at finanskrisa har blese over landet vårt. Ugla kjem rett godt fram midt i biletet, den dekkjer det meste av biletet og treng ikkje konkurrere med noko om merksemda. I det neste biletet er den plassert i høve til "tredjedelsregelen" og kjem ikkje like godt fram. Den blir meir ein del av alt det andre som står i hylla og eg tykkjer bøkene bakom er like mykje blikkfang. Likevel er det ugla som er i fokus og derfor kjem fram som hovudmotivet. Eg oppdaga også at det ikkje alltid er så lett å ta bilete for ei bestemt oppgåve. Ofte kan dei bileta ein har teke tidlegare, kanskje tilfeldig, vere like gode til slikt bruk. Det er også kjekt å sjå korleis ein kan omarbeide desse, og at bilete ein i utgangspunktet ikkje var nøgd med eller tenkte nytte til noko særskild, kan vise meir enn ein trur berre ved hjelp av litt redigering. Arbeidet med dette blogginnlegget viser at det er viktig å ta omsyn til både kvar bileta blir tekne, kva ein tek bilete av og stemninga i biletet, når ein bestemmer seg for plassering av hovudmotivet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar