søndag 18. oktober 2009

Bruk av digitale læringsressursar i skulen.

Hypertekstualitet - ein typisk hypertekst er avisene vi finn på nettet (døme: http://www.smp.no/apps/pbcs.dll/forside). Eg tok ein titt på det eine dømet i leksjonen med hypertekstualitet som tema. Denne lenkja var knytt til "Skolenettet" og her fann eg historia om "Professor Wang" og mysteriet knytt til forsvinninga hans. Det første som fall meg inn var at dette måtte vere ein genial måte for å få elevane nysgjerrige nok til å lese ei heil historie. For kvar link som ligg i avsnitta kan dei finne ut meir og meir ved å følje denne. I tillegg tenkte eg at dette må då vere veldig bra for elevar som ikkje orkar fullføre ei lang samanhengande historie. Her kan elevar som er svakare lesarar velje ut kva dei vil ha med seg, og likevel ikkje gå glipp av sjølve basisen i historia. Det er også ein fin metode for å få elevar til å skrive. Eg har mang ein gong opplevd at det største problemet med å få elevane til å skrive, ligg i oppstartsfasen. Dei finn ofte ikkje ut kva dei skal skrive om og kjem derfor ikkje i gong med arbeidet. Her kan dei saman utvikle historia ved å først bli inspirert av byrjinga på forteljinga (forfatta av Sverre Knudsen) og vidare av dei andre lenkjene forfatta av medelevane. På den måten er det liten sjans for å gå tom for idear. Kilde: http://www2.skolenettet.no/fag/norsk/wang/index022.html Interaktivitet - ulike typar nettressursar knytt opp mot dei ulike læreverka er eit godt eksempel på interaktivitet. Du finn nokre døme lenger nede her. Dei aller fleste læreverka nytta i skulen i dag, har ein eigen nettressurs knytt til desse. Her kan ein gå inn på det trinnet som passar for ein og arbeide med oppgåver knytt til det ein arbeider med i undervisninga. Det er tenkt som ein ekstraressurs for elevane der dei kan øve seg i aktuelle tema. Eg valde å ta ein titt på ein nettressurs knytt til det læreverket eg arbeider med i mitt daglege virke; http://stairs5-7.cappelendamm.no/c174250/flashoppgavesamling/vis.html?tid=174265&strukt_tid=174250. Her fann eg ut at oppgåvene på denne sida er lagt opp slik at ein må svare riktig på spørsmåla/skrive riktig for å kome vidare. Medan ein av nettressursane i norsk, knytt til Gyldendals læreverk Agora, er lagt opp annaleis. Her kan elevane velje lenkje ut frå kva dei arbeider med og finn der støtte til ulike typar utfordringar; http://www.gyldendal.no/agora/agora6/. Multimodalitet - Dette er tekstar som treng fleire medium for å gi meining. Eit døme er ein tekst der både tekst, bilete og lyd eller berre to av desse er knytt tett saman. Eit døme på dette finn du om du føljer denne lenkja til læreverket Agora frå Gyldendal http://www.gyldendal.no/agora/agora6/ og følgje lenkja som heiter "Grav etter". Gå inn på ein av tekstane som er oppgitt nedst på sida. Dette er eit særs nyttig verkty i samband med språklæring, men er også eit vanleg hjelpemiddel for folk med diagnoser som dysleksi eller andre lærevanskar. Dei ulike media støttar eleven ved å støtte opp om fleire ulike tilnærmingar til stoffet. Mange elevar som slit med lesing kan finne støtte i at nokon les teksten på skjermen for dei. I tillegg til at det her også er mykje fint å finne i nettressursane til læreverka, fins det eigne multimodaleprogram som gir støtte til elevar med særskilde behov. Desse er sjeldan gratis, men kjem derimot som ein del av ein individuell opplæringsplan utarbeidd for den særskilde elev. Vil likevel nemne dei som eit viktig verkty.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar