søndag 27. september 2009

Fordelar ved å arbeide i det virtuelle klasserommet?

Her i DKL studiet har eg vorte introdusert for eit heilt nytt klasserom, det virtuelle klasserommet. Eg har grubla mykje over dette i helga, mellom kledsvask, kinobesøk, tacoeting og anna typiske helgasyslar. Etter å ha fullført leksjonen i emnet digital plattform, grunna eg mykje over kva problemstilling det kunne vere interessant å reflektere litt over. Eg kom fram til at dette nye klasserommet var noko eg hadde lyst å prøve argumentere for, også i mitt daglege virke som lærar. Etter det eg har skjønt er Google Documents eit gratis program ein kan nytte over internet, og då eg veit alle elevar i klassen min har tilgong til internet heime kunne dette nyttast som ein positiv ressurs. Eg har vore vitne til gruppearbeid som går langt ut over planlagt tid, mykje grunna at elevane må gjere ferdig arbeidet på skulen. Dei har verken lyst eller moglegheit til å møtast på fritida. Kunne Google Docs. vore ei løysing på dette problemet? Eg meiner heilt klart det hadde vore verdt eit forsøk. I tillegg er "scaffolding" og kameratvurdering to ulike uttrykk som argumenterar for at Google Docs. kunne vore eit nytig verkty. I den samanheng kunne elevar rettleia kvarandre og opplevd læring i ulike fasar ved at dei gir kvarandre respons undervegs i ulike typar oppgåver. Elevar med ulik fagleg kompetanse kunne dele denne for ein felles veg mot eit godt resultat. Eg smiler og kjenner på at dette kan bli noko bra... I tillegg tenkte eg på ein annan ting eg har vore ein del av. Kva med Google Docs. som eit verkty for leksehjelp? Vårt faglege forum er på ein måte ei avansert form for leksehjelp. Korleis kunne ein versjon av dette nyttast som leksehjelp for elevar ved min skule? Vi har hatt store problem med mangel på lærarar/voksenpersonar som har kunna stilt opp som leksehjelper og i tillegg har verdien vorte forringa pga mykje uro blant deltakarane. Kva om elevane kunne gå heim og site ved datamaskina og fått rettleiing der? Som dykk sikkert skjønar har hovudet mitt vore nokså fullt denne helga, men det er berre kjekt! Godt med mange gode idear, særs når ein veit dei fleste har ein tendens til å bli plukka frå kvarandre og ende opp som ikkje fullt så gode... Men der kjem vel fleire neste helg (etter neste leksjon) skal du sjå ;) M.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar